Salmekveld i heimen

av edit

Nye og gamle salmar er for gode til å berre bli sunge i kyrkje og bedehus. No er verktyet på plass så du kan invitere til salmekveld i eiga stove, og la songen lyfte taket heime.(Kilde: Kirkeaktuelt.no)

Bispedømma i vest, Bjørgvin og Stavanger, har saman utvikla www.salmekveld.no.  På heimesida ligg oppmodinga om å vere med å fremje salmesongen i samband med ny salmebok og 75-års jubileum for NOPA (Norsk foreining for komponistar og tekstforfattar). Ein av hovudideane er at kyrkjelyden blir betre kjend med salmane, og då er det enklare å synge høgt i kyrkja når du kan songen frå før av. På salmekveld.no ligg det flust av ressursar til auka salmesongglede!

Salme-jukebox
På nettet kan du klikke deg fram til ein handfull salmar og høyre første vers med solist og piano. Så er det berre å følge på, og synge vidare på eiga hand. Salmane er henta både frå forslag til Norsk salmebok 2013 og Salmer 1997.

Kva skal du velje?
Heimesida har òg satt opp ulike salmepakkar. Her er det lista opp ei rekkje salmeforslag under overskriftene advent, pasjon, vinter, vår, sommar, haust og kveld. Både gamle og nye salmar er med, men salmebok må du halda deg med sjølv.

Utsnitt frå Adolph Tidemands Haugianerne, til inspirasjon for salmesong heime? (Måleriet eiges av Nasjonalmuseet)

{ 0 kommentarer… skriv kommentar }

Skriv kommentar

Du kan bruke følgende HTML kode: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>